REISESTØTTE NM JUNIOR, NORGES CUP OG MASTERS

Bakgrunn

Eit av måla til Norges Tennisforbund er å auka den geografiske fordelinga av tennisspelarar i Norge og som eit ledd i dette ynskjer NTF også å auka den geografiske fordelinga av konkurransespelarar. For å hjelpa på dette vil NTF bidra med reisestøtte til dei viktigaste turneringane for juniorar (U14 til U19) og og trur at dette kan stimulera til deltaking på NC, Masters og NM. Reisestøtten er begrensa til klubbar med stor reisekostnad per spelar og inkluderer ikkje klubbar med kortare avstand til Oslo og omegn der fleirtalet av turneringane går. Støtten er ei omfordeling av 50 kr av startkontingent per spelar.

Reisestøtten vert gjeve direkte til klubbane basert på søknad ein gong i året. Klubbane står så fritt til å vidarefordela dette til sine spelarar. NTF håper at denne endringa vil letta det administrative arbeidet og trur at kostnadane ved å vera konkurransetennisspelar på turneringar i Norge kan verta noko jamnare og at det stimulerer til auka deltaking på turneringar.

Krav for godtgjering

·         Reisestøtte vert kun gjeve til deltaking i NC, Masters og NM der reisekostnad (reise og opphald) på over 1000 kr kan dokumenterast

·         Reisestøtte vert kun gjeve til spelarar med bustad i og medlemskap i klubbar frå; Region Nord, Region Trøndelag, Region Vest eller Region Sør-Vest

·         Reisestøtte vert ikkje gjeve for deltaking i turnering i eigen Region

Praktisk gjennomføring – klubb/spelar

·         Reisestøtten er begrensa til maksimalt 1000 kr per turnering per spelar. Dokumentasjon for reisekostnad trengst ikkje sendast inn men kan etterspørjast frå NTF ved behov

·         Total reisestøtte til fordeling vil bli begrensa til total innbetaling frå arrangørane gjennom eit kalenderår

·         Klubbane søkjer på vegne av alle sine spelarar ein gong i året, tildeling vert utbetalt frå NTF til klubb, og klubb har så ansvar for å fordela utbetalinga

·         Søknadsfrist er 31 desember med utbetaling januar påfylgjande år

Praktisk gjennomføring – arrangør

·         Turneringsarrangør vil bli etterfakturert av NTF for 50 kr per deltakar i single. Antal spelarar som grunnlag for faktura blir basert på tablå frå respektiv turnering

·         Det er arrangør sitt ansvar å driva inn startkontingent for alle spelarane som er med i trekkinga